– Medan norske barn byrjar eit nytt skuleår, er hundretusenvis av palestinske barn fråtekne skulegang. Skular og universitet er øydelagde, elevar og lærarar er drepne og ein heil generasjon barn er frårøva ein trygg skulekvardag, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
Palestinakomiteen viser til ein FN-rapport frå juni som slår fast at Israel drep palestinske barn med overlegg, og at barn blir utsette for målretta angrep. Ifølgje rapporten er til saman 20.179 barn drepne i israelske angrep på Gazastripa.
– Ein skulepult skal vere ein stad for læring, ikkje eit minnesmerke over eit barn som er drepen. Vi forventar at norske styresmakter handlar før endå fleire pultar blir ståande tomme i Palestina, seier leiar Rami Samandar i pressemeldinga.
Markeringar er planlagde i mellom anna Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Arendal, Molde, Førde, Eid, Sandefjord, Drammen, Asker/Bærum og Oslo.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109317](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/5fyDWYmBrAs.jpg)



0 kommentarer