Hovudindeksen enda dagen opp 0,94 prosent og enda dermed på ny toppnotering, skriv DN og E24.
Så langt i år har børsen stige 23,6 prosent.
Den førre rekorden ved stengjetid vart sett 7. april i år. Den gongen låg hovudindeksen på 2080,56 poeng. I dag stengde børsen på 2085,84 poeng.
Aksjemarknaden la dermed bak seg ei innhaldsrik veke prega av ein straum av kvartalsresultat, samtidig som vedvarande uro og uvisse i energimarknadene heldt fram med å setje sitt preg på handelen. Nordsjøolja vart ved stengjetid handla for 87,47 dollar per fat, opp frå 86,6 dollar fatet same tid torsdag.
Dei mest omsette selskapa enda dagen slik: Equinor steig 2,36 prosent, Kongsberg Gruppen opp 2,34 prosent, Autostore opp 2,78 prosent etter hoppet på 19 prosent i går. DNB steig 0,26 prosent, medan Norsk Hydro enda ned 0,29 prosent.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109284](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/cq2Zt4paz00.jpg)



0 kommentarer