Oppgang på Oslo Børs trass oljeprisfall

av | 30. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Det vart ein berg-og-dal-bane-dag på Oslo Børs. Hovudindeksen steig til slutt med 0,39 prosent, medan oljeprisen fall.

Hovudindeksen gjekk opp frå start og var 0,54 prosent høgare enn utgangspunktet ein halvtime etter opning.

Deretter skulle han falle, før pila snudde på ny. Klokka 15.34 var auken på 0,68 prosent, før han modererte seg inn mot stengjetid.

Det skjer samtidig som oljeprisen fell. Torsdag fall prisen frå 89 til 87 dollar fatet.

Equinor fall med 2,29 prosent, medan DNB (opp 2,19 prosent), Norsk Hydro (opp 1,90 prosent) og Subsea 7 (opp 2,62 prosent) alle styrkte seg.

(©NPK)