– Eg skaut Thompson og han døydde, sa Luigi Mangione i retten fredag, ifølgje CNN.
I retten erkjende han seg skuldig i personforfølging av Unitedhealthcare-toppen Brian Thompson (50).
I den føderale rettssaka er han tiltalt for personforfølginga i forkant av drapet, medan han er tiltalt for sjølve drapet berre på delstatsnivå. Så langt har Mangione nekta straffskuld i begge rettssakene.
Avisa The New York Times skriv at ei erkjenning av straffskuld i den føderale saka kan opne for at advokatane hans krev fråfall av tiltalen på delstatsnivå, på grunn av det amerikanske forbodet mot å bli stilt for retten to gonger for same regelbrot (double jeopardy).
Den no 28 år gamle Mangione er tiltalt for å ha skote og drepe Brian Thompson utanfor eit hotell i sentrum av New York i desember 2024. Drapet og den følgjande fem dagar lange klappjakta etter gjerningsmannen fascinerte USA.
Mange var sjokkerte over den grove valden på open gate i USAs største by, medan andre såg på Mangiones handlingar som ein protest mot helseforsikringsbransjen i landet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109160](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/DJ0cJFqddMU.jpg)


0 kommentarer