Talskvinna for det russiske utanriksdepartementet, Maria Zakharova, sa fredag at Russland ikkje ser noko behov for delvise våpenkviler. Ho skulda samtidig Ukraina for terrorisme, utan å nemne russiske angrep.
– Vi betraktar desse angrepa (frå Ukraina) som målretta angrep for å destabilisere skipstrafikken i Svartehavet med sikte på å auke spenninga og forlengje konflikten, sa ho.
Trappa opp
Både Russland og Ukraina har dei siste vekene trappa opp angrepa på kommersielle lasteskip og hamneanlegg i Svartehavet, noko som har ført til stigande prisar på korn på verdsmarknaden.
Tyrkias utanriksminister Hakan Fidan foreslo for nokre dagar sidan eit moratorium på militæroperasjonar i Svartehavet, og torsdag sende Ukraina over via ein tredjepart eit forslag til Russland om gjensidig stans i angrep på sivile mål i Svartehavet.
Tyrkia mekla i 2022 fram ein avtale som opna for at Russland og Ukraina, som begge er blant dei største korneksportørane i verda, kunne halde fram med å forsyne verdsmarknaden.
Men avtalen braut saman då Russland skulda Ukraina og Vesten for ikkje å respektere han.
Truer matforsyninga
Ukrainske hamner som Odesa har i over ein månad i praksis vore heilt blokkert av russiske angrep, medan Ukraina på si side set russiske hamner ut av spel, mellom anna med eit angrep mot hamna Novorossijsk tidlegare denne veka som øydela to store terminalar for eksport av korn.
Angrepa er dårleg nytt både for landa sjølv og bøndene idet dei går inn i kornhausten. Ukraina er ein av dei største produsentane i verda av kveite, mais, bygg og andre kornsortar, i tillegg til solsikkefrø, medan Russland også er ein stor kornprodusent.
Blokadane i 2022 sørgde for at 70 millionar menneske verda rundt, ikkje minst i Midtausten, kom i akutt fare for matusikkerheit.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109331](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/I3ll8z3jrJs.jpg)



0 kommentarer