Tidlegare medlem meiner Etikkrådet har vorte tannlaust

av | 14. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Etter at Etikkrådet vart sett på pause for ni månader sidan, har Noreg mista makt som pådrivar for etiske investeringar, meiner tidlegare rådsmedlem Cecilie Hellestveit.

Hellestveit meiner valet om å setje etikkråda i Oljefondet på pause har hatt negative konsekvensar også utover fondet sine eigne investeringsavgjerder, skriv Klassekampen.

– Openheita om råda har gjort at mange investorar gjerne har følgt etter, seier ho og viser til at tilrådingar frå Etikkrådet tidlegare har fått opptil 15 prosent av andre aksjonærar til å følgje etter når Oljefondet selde seg ut.

Ho meiner Etikkrådet bør bli sett tilbake i normal drift, med utgangspunkt i same retningslinjer som før.

– Om ein er oppteken av at Oljefondet ikkje skal tene pengar på krigsbrotsverk, folkemord eller barneprostitusjon, er det dramatisk å ikkje ha ein uttrekksmekanisme, seier ho.

Då ho trekte seg frå rådet i november i fjor, sa Hellestveit til NRK at ho konstaterte at det uavhengige etiske rådet ikkje fanst meir, og at jobben hennar då var ferdig.

Direktør for eigarskap og etterleving i Oljefondet, Carine Smith Ihenacho, skriv i ein e-post til avisa at dei er trygge på at dei overheld retningslinjene til OECD for fleirnasjonale selskap. Statssekretær Ellen Reitan (Ap) i Finansdepartementet opplyser at Noregs Bank skal sjå til at investeringane ikkje bryt med folkeretten. Dersom banken er i tvil, skal han innhente råd og rettleiing og ved behov selje seg ut.

(©NPK)