Vedum ber Søreide snu: Det er dieselkrise

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB); Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum appellerer til Høgre om å likevel bli med på å forlengje avgiftskutt for diesel.

Utan avgiftskutta ville gjennomsnittsprisen for diesel vore høgare så langt i august enn i mars, seier Vedum.

No ber han Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide om å snu.

I mars gjekk Sp, Høgre, KrF og Frp saman om å kutte i drivstoffavgiftene fram til 1. september. Høgre har no sett foten ned for å forlengje avgiftskutta.

– Prissmell kjem

Søreide meiner ei betre løysing vil vere lågare skattar. Berre i ein krisesituasjon vil det vere aktuelt å støtte eit nytt avgiftskutt, har ho understreka.

Dette er uforståeleg, meiner Vedum.

– Høgres leiar seier det er forskjell på «kvardag» og krise. Om marknadsprisen på diesel held seg på dagens nivå, vil folk og næringsliv få ein skikkeleg prissmell om vel to veker. Dette rammar vanlege folk og dei som held heile Noreg i gang frå anleggsmaskina, fiskebåten, lastebilen og traktoren, seier Vedum.

– Høgare snittpris

Nettsida bensinpris.net er ein god indikasjon på kvar prisnivået ligg. Ifølgje nettsida ville gjennomsnittsprisen for diesel utan avgiftskutt vore 27,50 kroner per liter så langt i august. I mars var snittprisen 24,71 kroner per liter.

Nettsida har prisinformasjon frå drivstoffstasjonar i dei store byane, og statistikken er basert på frivillige brukartips.

– I mars sa Høgre at det var krise, då vart gjennomsnittsprisen for diesel 24,71 kroner. Korleis kan Høgre då meine at 27,50 kroner er kvardag? Høgres argumentasjon heng ikkje på grep. Har dei i det heile sett på prisane då dei tok avgjerda om å gå imot avgiftsaukane? seier Vedum.

(©NPK)