Få vel noregspris i Midt-Noreg

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Berre 29 prosent av hushalda i Midt-Noreg har valt fastprisavtalen noregspris, sjølv om marknadsprisen ligg an til å bli rundt dobbelt så høg resten av året.

Det er tal frå Elhub som viser at berre 29 prosent av hushalda i Midt-Noreg har valt noregspris, skriv E24.

Samtidig ligg marknadsprisen an til å vere rundt dobbelt så dyr som noregspris resten av året. Noregspris gir ein fast pris på 50 øre per kWh med mva. (40 øre utan mva.).

Delen hushald med noregspris er høgast i Sør-Noreg med 76 prosent, medan andelen er 63 prosent på Austlandet. I Nord-Noreg er det berre 460 hushald, eller 0,19 prosent av alle hushalda, som har teikna avtale om noregspris.

Regjeringa anslo opphavleg kostnaden til i underkant av 10 milliardar kroner, men anslaget vart auka til 21,5 milliardar i revidert nasjonalbudsjett. Dagens noregspris gjeld ut 2026.

(©NPK)