Fastrentene på studielån blir nedjusterte frå 1. september

av | 10. august 2026 | 0 kommentarer

Lånekassen nedjusterer fastrentene, og frå 1. september trer dei i kraft. 10. august opnar vindauget for å binde renta.

I ei pressemelding oppgir Lånekassen dei nye rentesatsane:

Flytande rente vil vere på 4,602 prosent.

Den som ønskjer fastrente, kan søkje om det i perioden 10. til 17. august.

Lånekassen opplyser at dei aller fleste har flytande rente på studielånet. 792.400 kundar har flytande rente, medan 9900 har fastrente.

Rentesatsane blir baserte på bustadlånsrentene, og det er Finanstilsynet som fastset dei.

Tilsynet observerer utviklinga i bustadlånsrentene og bruker eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda i marknaden. Deretter blir det trekt frå 0,15 prosentpoeng frå snittet.

(©NPK)