Det er Opinion som har gjennomført målinga på vegner av ABC Nyheter og Altinget.
Med ei oppslutning på 31,2 prosent er Framstegspartiet klart størst. Arbeidarpartiet og Høgre følgjer etter med høvesvis 21,7 og 14,8 prosent.
Høgres resultat nærmar seg valresultatet på 14,6 prosent i fjor haust.
Raudt får ei oppslutning på 8,8 prosent, noko som gjer partiet til det fjerde største. Oppslutninga svarer til ein auke på 3,5 prosentpoeng sidan valet i september i fjor.
SV og Senterpartiet ligg høgt på firetalet, medan MDG får ei oppslutning på 4 prosent. Den høge oppslutninga til Frp sikrar eit borgarleg fleirtal. Venstre og KrF endar opp med oppslutningar på høvesvis 3,5 og 3,1 prosent på målinga.
I målinga er 1001 personar spurde, og feilmarginen varierer mellom 1,0 og 3,3 prosentpoeng. Målingane i sin heilskap ser slik ut, med endring frå sist måling i parentes: R: 8,8 (+1,4), SV: 4,7 (-0,4), Ap: 21,7 (-0,7), MDG: 4 (+0,7), Sp: 4,9 (+0), V: 3,5 (+0,8), KrF: 3,1 (-1,2), H: 14,8 (-2), Frp: 31,2 (+1,3), Andre: 3,2 (-0,1).
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106511](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/38Gjxx-fKPU.jpg)



0 kommentarer