– Dette må gjelde heile beitesesongen, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til Gudbrandsdølen Dagningen.
Bakgrunnen for forslaget er ei hending i Gausdal i juli, der Statsforvaltaren og Klima- og miljødepartementet først avslo fellingsløyve av omsyn til genmaterialet til ein viktig ulv.
Vedum meiner praksisen går ut over dyrevelferda.
– Det er ein forferdeleg logikk at ein skal vente med å gi fellingsløyve til etter at dyr har vorte skadde. Det er ikkje dyrevelferdsmessig, seier han.
Forslaget inneber at staten framleis skal dekkje kostnadene ved felling, uavhengig av om det skjer gjennom Statens naturoppsyn (SNO) eller lokale fellingslag.
Vedum seier han håpar å få vedteke endringa rundt jul dersom eit fleirtal på Stortinget støttar forslaget.
Ifølgje Rovdatas siste tal er det registrert 55 til 58 ulvar i Noreg i 2025/2026.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106180](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/B-gGXTh80Qs.jpg)



0 kommentarer