(NPK-NTB-AFP-Reuters): Nær 160 flyktningar er redda etter at det byrja å brenne på ein båt som var på veg over Den engelske kanalen, opplyser franske styresmakter.
Migrantane hadde prøvd å krysse kanalen frå byen Boulogne-sur-Mer sør for Calais då det byrja å brenne tidleg tysdag morgon.
Ifølgje lokale styresmakter vart 157 menneske redda av tre kystvaktfartøy. Dei vart deretter frakta tilbake til hamna i Boulogne-sur-Mer.
Tidlegare tysdag vart fem personar redda frå den same båten.
(©NPK)




0 kommentarer