(NTB-NPK): Offentlege digitale tenester i Noreg vart ramma av eit DDoS-angrep natt til måndag. Det er ikkje overraskande, meiner tryggingsekspert.
Det melder Aftenposten.
– Angrepet i dag er ikkje så overraskande, den globale og geopolitiske konteksten teken i betraktning, seier professor Aristidis Kaloudis ved Institutt for informasjonstryggleik og kommunikasjonsteknologi ved NTNU.
Han påpeikar at tidspunktet er interessant sidan det skjer på tampen av sommarferien og mange framleis er i feriemodus.
– Angriparane har heilt sikkert overvakt og mykje mogleg fått tilgang på system allereie før sommaren. Så har dei bestemt at dette er tidspunktet å angripe på, seier Kaloudis.
Dataangrepet måndag var eit såkalla tenestenektangrep (DDoS), og ramma ID-porten som blir drifta hos Digitaliseringsdirektoratets driftspartnar Vivicta.
Eit DDoS-angrep er eit dataangrep som overbelastar ei nettside eller servar med falsk trafikk frå mange maskiner, slik at ho sluttar å verke for vanlege brukarar.
Dataangrepet kjem etter ei rekke liknande angrep i Noreg og fleire europeiske land.
(©NPK)




0 kommentarer