– Til helga ventar vi ekstra lange køar inn mot Oslo. Vi oppmodar til å la bilen stå, velje andre ruter eller vente med å reise til E18 igjen er open som normalt, seier byggjeleiar Thomas Riis Østergaard i ei pressemelding.
I Fornebukrysset skal ei ny sykkelbru bli montert. Brua består av element som er opptil 44 meter lange. Sykkelbrua over Fornebukrysset vil vere ein viktig del av ny hovudsykkelrute inn mot Oslo langs ny E18 i Bærum.
Anleggsområdet er trongt, og det er ikkje mogleg å utføre arbeida på ein sikker og effektiv måte utan å stenge delar av krysset og E18.
Akershus fylkeskommune utfører samtidig arbeid ved Høvik-brua, som også kan gi forseinkingar på E18.
Arbeidet startar klokka 21 fredag med mål om at trafikken kan gå som normalt igjen søndag klokka 14.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103519](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/tzR9Sd_wjLo.jpg)



0 kommentarer