Universitet i Oslo avlyser aktivitet under gravferda: – Studentane vil vere involverte i oppdrag

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Kathrine Vikne Holth): Fleire universitet i Oslo avlyser aktivitet i samband med kong Haralds gravferd onsdag 9. september.

OsloMet avlyser organiserte aktivitetar som undervisning, arrangement og møte i tidsrommet frå klokka. 12.30–15.00, skriv universitetet på sidene sine.

– Unntaket frå dette er undervisningsaktivitetar som er strengt nødvendige å gjennomføre. Gjennomføring av slike aktivitetar skal godkjennast av rektoratet.

Avlyst undervisning

Universitetet i Oslo (UiO) vil gjere det same.

Dette opplyser pressekontakt på UiO, Camilla Chausse, i ein e-post til NTB.

– UiO legg til rette for at tilsette og studentar kan følgje gravferdsseremonien for kong Harald V onsdag 9. september. Undervisning blir derfor i all hovudsak avlyst frå klokka 12.00, skriv ho.

Seremonien startar klokka 13.00 i Oslo domkyrkje og blir innleidd med eitt minutts stille over heile landet. I forkant av dette vil det vere prosesjon frå Slottet til Oslo domkyrkje, og etter seremonien blir det prosesjon til Akershus festning.

Studentar involverte i oppdraget

Fleire studiesamlingar ved Politihøgskolen (PHS) i veke 36 og 37 er utsette, melder Universitas og viser til Politiforum.

– Fleire av studentane ved våre etter- og vidareutdanningar vil vere involverte i ulike oppdrag i samband med kong Haralds bortgang, seier Toril Bertheussen, seksjonsleiar ved studieadministrasjonen ved PHS, til Politiforum.

(©NPK)