Klimatopp håpar verda vil vakne etter Nepal-katastrofen

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Flaumkatastrofen i Nepal og storbrannane i Europa bør føre til meir merksemd om kva klimaendringane kostar, meiner sjefen for FN sitt grøne klimafond.

Mafalda Duarte meiner at mange land enno ikkje har forstått at verda står overfor fleire vippepunkt, og at når desse er nådde, finst det ingen veg tilbake.

– Det overraskar meg alltid kor mykje informasjon vi har og kor lite vi gjer, seier ho i eit intervju med nyheitsbyrået AFP onsdag, før ho legg til: – Vi kan ikkje gi opp håpet.

Den største trusselen.

Duarte leier Det grøne klimafondet, som vart etablert av FN for å hjelpe fattige land med å handtere følgjene av klimaendringane.

Bakteppet for intervjuet er flaumkatastrofen i Nepal og Tibet førre veke, der over 1200 menneske så langt er stadfesta omkomne, medan over 4000 framleis er sakna. Styrtflaumen kom svært brått og kom av etter alt å dømme at eit stort stykke av ein isbre kollapsa og fall over 5000 meter ned i eit elveleie.

Denne veka er Duarte med på eit toppmøte på Palau saman med ei rekke leiarar frå øynasjonar i Stillehavet. Dei reknar klimaendringane som den største trusselen mot landa deira. Men i resten av verda har interessa for klimaspørsmål falle.

– Blir stadig prioritert lågare.

– Vi ser at klimaendringar globalt blir stadig prioritert lågare, medan andre ting – konfliktar og kriser – tek over, seier Duarte.

– Vi ser at når det er vilje, så blir det mobilisert pengar for å handtere kriser. Av ein eller annan grunn ser vi ikkje den same typen respons når det gjeld klimaet – som om vi har råd til å vente, føyer ho til.

Fondet har investert 19 milliardar dollar – tilsvarande 177 milliardar kroner – i 134 ulike land.

USA trekte seg frå fondet i januar, og Storbritannia halverte bidraga i mai.

(©NPK)