Storbritannia mot sin varmaste sommar nokosinne – for andre året på rad

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

For andre året på rad ser Storbritannia ut til å få sin varmaste sommar sidan målingane byrja. Berre gjennomsnittlege temperaturar trengst ut august for å passere fjorårsrekorden.

Gjennomsnittstemperaturen sidan 1. juni er så langt 16,48 grader celsius, ifølgje statsmeteorologane i Met Office. Fjorårsrekorden var 16,1 grader, som var trygt over den førre rekorden på 15,76 grader.

Så langt i år har Storbritannia hatt den nest varmaste junimånaden i historia og nest varmaste julimånad. I tillegg ligg det an til ei ny hetebølgje i landet. Tre firedelar av England og dessutan heile Wales opplever dessutan tørke, fordi det har vore usedvanleg lite regn.

2877 dødsfall er så langt knytt til varmen i Storbritannia i år, dobbelt så mange som heile sommaren 2025.

Varmen har skapt store problem i øyriket. 71,3 prosent av England er ramma av tørke, ifølgje den britiske regjeringa.

Frå torsdag er det venta opp mot 38 grader, noko som ikkje akkurat hjelper på tørken.

(©NPK)