Spanias statsminister Pedro Sánchez seier tysdag at brannmannskapa har gjort framsteg i avgrensinga av skogbrannane som blir beskrivne som dei verste i landets historie, melder AFP.
– Utviklinga har snudd, og vi byrjar å sjå lyset i tunnelen i kampen mot desse brannane, seier Sánchez til pressa tysdag ettermiddag. Han tek atterhald om at landet går krevjande dagar i møte, då ei ny hetebølgje er venta å skylje over landet i løpet av morgondagen.
– Vi står framleis overfor krevjande og komplekse timar, åtvarar han.
Fleire evakuerte kan vende heim
Ifølgje regionpresident Isabel Díaz Ayuso i Madrid vil evakuerte frå fleire område rundt hovudstaden kunne vende heim innan kort tid.
– Vi kan vere meir optimistiske i dag og byrje å planleggje ein trygg retur for dei evakuerte frå fleire kommunar, seier ho.
Ifølgje innanriksdepartementet er 63.000 personar evakuerte frå skogbrannramma område i Spania per no. Over halvparten av dei frå Madrid. 4000 av dei evakuerte frå Toledo kunne vende heim måndag.
Ventar ny hetebølgje onsdag
Spanias meteorologiske institutt, Aemet, åtvarar om at hetebølgja som rammar Frankrike i dag, vil flytte seg sørover i løpet av onsdag.
Det er venta temperaturar omkring 40 grader, låg luftfukt og aukande vind, noko som vil få brannfaren til å «auke til svært høge eller ekstreme nivå over nesten heile landet», heiter det i varselet frå meteorologane tysdag.
«Situasjonen vil vare, og kanskje tilta i dei kommande dagane», åtvarar dei.
Ifølgje det spanske innanriksdepartementet har skogbrannane lagt 770 kvadratkilometer i oske så langt. Totalt er 1750 kvadratkilometer gått tapt til skogbrannar i landet så langt i år. Statsminister Sánchez har tidlegare beskrive skogbrannane som «det mest smertefulle uttrykket for klimakrisa».
Den spanske regjeringa erklærte nasjonal kriseberedskap førre veke som følgje av det som blir beskrive som dei verste skogbrannane i landets historie. Brannane herjar framleis på fleire frontar i Madrid-regionen, Ávila-provinsen, i Toledo og i det austlege Valencia.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103557](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/lGDBZsLWeu0.jpg)



0 kommentarer