(NTB–NPK): Den spanske regjeringa erklærte fredag unntakstilstand etter at over 10 000 personar er evakuerte som følgje av ei rekkje skogbrannar.
Tiltaket betyr at det spanske innanriksdepartementet, som har ansvaret for politi- og tryggingsstyrkar, no tek over ansvaret for brannsløkkinga.
Det er i området rundt den sentrale Madrid-regionen at det står på som verst. Her har 10 000 personar vorte evakuerte frå ei lang rekkje landsbyar medan flammane herjar og hetebølgja står på.
Brannen har så langt slukt 32 000 hektar. Over heile det sentrale Spania er brannmannskap, beredskapspersonell og militære einingar framleis utplasserte samtidig som styresmaktene overvaker fleire aktive brannar.
Så langt i år har Spania vore ramma av 22 store skogbrannar. Ein av dei kravde 13 menneskeliv i nærleiken av byen Almería i Andalusia.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102471](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/y4NSA57tnoQ.jpg)



0 kommentarer