(NPK-NTB): Oslo universitetssjukehus seier at dei har problem med å få logga inn på journalsystemet Dips, skriv VG.
– Systemet er ikkje heilt nede, men har innloggingsproblem om du ikkje er logga på frå før, seier pressevakt Anders Bayer ved Oslo universitetssjukehus (OUS) til avisa.
Problema skal ha oppstått i 18-tida.
Bayer påpeikar at sjukehuset har beredskapsplanar og erfaringar med å handtere utfordringar med systemet.
– Problema vi har no, er ikkje på eit så alvorleg plan at vi har sett i verk spesielle beredskapstiltak, seier han.
(©NPK)




0 kommentarer