Ein seglbåt som var meld sakna utanfor Telemark natt til måndag, er funnen. Båten og personen om bord er i god behald.
– Det har ikkje vore noka ulykke eller havari. Han hadde mista telefonen og derfor vart det ikkje oppnådd kontakt med han, skriv operasjonsleiar Ståle Olstad Fuglaas i søraust politidistrikt i politiloggen.
To redningsskøyter og eit kystvaktskip søkte etter den sakna seglbåten natt til måndag, og politiet oppsøkte hamnene i leiteområdet.
(©NPK)



0 kommentarer