Rema kan få tomme hyller – mogleg streik frå laurdag

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Vareleveransar til Rema 1000-butikkar over heile landet kan bli råka av streik laurdag morgon.

Partane har frist til midnatt fredag for å semjast om grossistavtalen, skriv E24.

– Me har ingen intensjon om å ramma tredjepart, men ein streik vil nødvendigvis få konsekvensar. For Rema 1000 vil stans i vareflyten raskt kunna merkast i butikkhyllene, seier forhandlingsleiar Mohammed Malik i Fellesforbundet.

Fellesforbundet og Yrkestrafikkforbundet forhandlar med NHO Service og Handel for å komma fram til ein avtale. Om meklinga ikkje når fram, går til saman 700 medlemmer ut i streik.

411 av dei jobbar i Rema Distribusjon. Også Thon Hotels og Felleskjøpet vil bli ramma.

Rema 1000 bur seg på at vareflyten kan bli ramma.

– Me er førebudde og gjennomfører løpande vurderingar for å halda oppe ansvarleg drift og leveransar, innan rammene av lovverket og arbeidslivets spelereglar som gjeld i denne situasjonen, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Marte Ramuz Eriksen.

Fagforbunda krev auka kjøpekraft og forskotering av sjuke-, pleie- og foreldrepengar frå arbeidsgivar slik at tilsette skal sleppa å venta på utbetaling frå Nav.

(©NPK)