Minst 40 tilsette i Noreg mistar jobben i Norsk Folkehjelp etter USA-nei

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Etter å ha takka nei til hjelp frå USA, vart det klart at rundt 1700 må kuttast i Norsk Folkehjelp. Mellom 40 og 50 av desse stillingane er i Noreg.

Det skriv Fagbladet.

I går vart det klart at Norsk Folkehjelp takkar nei til 400 millionar kroner i hjelp frå USA.

Inntektskutta fører til at omkring 1700 tilsette verda rundt mister jobben i organisasjonen. No er det klart at mellom 40 og 50 av stillingane som skal kuttast, er i Noreg.

Dette fordi pengane frå USA kom med krav om at samarbeidspartnarar ikkje skal jobba for abort, likestilling eller mangfald i noko av arbeidet sitt.

– Det seier me nei til. Me forheld oss til norsk lov og norsk politikk og byter ikkje verdiar mot pengar, sa generalsekretær Raymond Johansen i ei pressemelding.

(©NPK)