57 personar har drukna i Noreg i år – to i august

av | 4. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): 30 personar døydde av drukning i sommar. Redningsselskapet beskriv sommaren som svært alvorleg.

– Bak kvart tal i statistikken ligg menneske, familiar og lokalsamfunn som er hardt råka, seier Tanja Krangsnes, fagsjef i drukningsførebygging i Redningsselskapet, i ei pressemelding.

I sommarmånadene mista til saman 30 personar livet i drukningsulykker i Noreg. 29 av desse var menn.

20 av ulykkene skjedde i innsjøar, vatn og elvar. I samband med bading drukna 13 personar, og 9 i ulykker med fritidsbåt.

Redningsselskapet meiner det trengst meir systematisk førebygging.

– Me må gi barn og unge meir praktisk utandørsopplæring, og sikre kyst- og vasskanten betre med leiderar, livbøyer og tydeleg skilting, seier Krangsnes.

(©NPK)