– Det gir oss høve til å hjelpa fleire fiskarar som har mista tilgang til viktige fangstfelt, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) i ei pressemelding.
Løyvinga blir auka frå 15 millionar kroner etter at regjeringa vart einig med forlikspartnarane om revidert nasjonalbudsjett. Den nye ordninga skal etter planen vera klar i slutten av august.
25 millionar kroner er øyremerkte den eksisterande ordninga for eigarar av reketrålfartøy under 11 meter. Dei resterande 5 millionane blir sette av til ei ny ordning for andre reiskapsgrupper som så langt ikkje har kunna søkja.
Bakgrunnen for støtta er at det frå 1. januar vart innført nullfiskeområde i Oslofjorden. Målet er å styrkja fiskebestanden og bidra til å gjenoppretta økosystemet.
Tiltaket førte til sterke reaksjonar, spesielt frå delar av fiskerinæringa, som har peikt på at konsekvensane blir store for dei som har fjorden som arbeidsplass.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102077](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/1sh-F5IEKkg.jpg)



0 kommentarer