(NTB–NPK): Terrorangrepet 22. juli 2011 markerte eit vendepunkt for norsk samtidslitteratur, slår professor Tonje Vold ved Universitetet i Oslo fast.
Fagboka «Verdsverk. Norsk verdslitteratur etter 22. juli» blir gitt ut 30. juli.
– Alle var i berøring med 22. juli. Det er ei hending som også fekk litteraturhistoriske ringverknader, og dei ville eg sjå på, seier Vold til Klassekampen.
Før 2011 vart norsk litteratur beskriven som lite verdsorientert – oppteken av det vesle livet og barndomsminne, medan røyndommen skjedde andre stader. Det biletet stemmer ikkje lenger, meiner Vold.
– Norsk litteratur endrar seg i meir samfunnskritisk retning etter 2011, og granskar i større grad kven me er som nasjon, seier ho til Vårt Land.
Overfor Utrop, som først omtala fagboka, peiker Vold på at Noreg likevel var seint ute: Minoritetsperspektiv vart først synlege i den litterære offentlegheita rundt 2016–2017, seinare enn i samanliknbare land.
– Noreg har hatt ei påfallande langsam utvikling, seier ho til avisa.
(©NPK)




0 kommentarer