Politiet stoppa varebil – fann fleire stolne elsyklar

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Etter å ha spora éin rapportert stolen elsykkel, stoppa politiet ein varebil som viste seg å romme fleire.

Det var ein sykkeleigar frå Oslo som melde elsykkelen sin stolen.

Etter ei sporing til Lørenskog, som ikkje førte nokon stad, viste ei oppdatert sporing at sykkelen var i området Skedsmokorset.

– Der har vi no stansa ein varebil og funne fire elsyklar, blant dei den etterlyste, opplyser operasjonsleiar Stig Kolstad i Aust politidistrikt på politiloggen.

Politiet har pågripe eit ektepar i 30- og 40-åra.

Etter at varebilen vart frakta til Lillestrøm politistasjon, fann politiet tre elsyklar til.

– To av dei er melde stolne, og vi mistenkjer at den tredje også er det. Det er dermed beslaglagt elsyklar for store verdiar, skriv Kolstad i ei seinare oppdatering.

(©NPK)