Det vart registrert 29.200 fødslar i første halvår i år, 12 prosent meir enn i tilsvarande periode i 2023.
– Sjølv om fruktbarheita framleis er låg i eit historisk perspektiv, er dette ein tydeleg oppgang på så kort tid, seier seniorrådgivar Espen Andersen i Statistisk sentralbyrå (SSB).
Tala viser at det er ein auke over heile fjøla, i storby, småby, tettstad og bygd, men auken minkar noko med sentralitet.
– Sjølv om oppgangen i fødselstalet ikkje er like stor overalt, har talet på fødde auka på tvers av alle fylke og sentralitetsnivå sidan 2023. Ser vi på endringane frå 2025 til 2026, var det ingen fylke som fekk færre fødde – det næraste var Troms og Finnmark, der begge fylka var uendra, seier Andersen.
Det siste halvåret hadde Noreg elles ei netto utvandring, der fleire flyttar ut av landet enn til landet. Dermed auka folketalet berre med 3100 i 2. kvartal og var 5.636.900 ved utgangen av juni.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110439](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/4mIw6waapUU.jpg)



0 kommentarer