Mann dømd for drapet på demokratisk politikar og mannen hennar i fjor sommar

av | 23. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Vance Luther Boelter vart torsdag dømd til to livstidsstraffer pluss 40 år for drapet på demokraten Melissa Hortman og mannen hennar i Minnesota i USA i fjor sommar.

59 år gamle Boelter erkjende straffskuld for drapa tidlegare i sommar, etter at han inngjekk ein avtale med påtalemakta mot at dei ikkje ville be om dødsstraff.

Det var 14. juni i fjor at Boelter, som var forkledd som politi, skaut og drap delstatspolitikaren Melissa Hortman og mannen hennar i heimen deira. I tillegg skaut han delstatspolitikar John Hoffman og kona hans Yvette, men desse overlevde.

Både Hortman og Hoffman er demokratar, og påtalemakta har slått fast at angrepet var politisk motivert.

Boelter vart pågripen i eit skogsområde to dagar etter angrepa.

Under domsavseiinga torsdag, sa John Hoffman at dei har måtte endre liva sine på grunn av skytinga.

– Den tiltalte såg meg i auga og trekte av. Den tiltalte såg på kona mi og valde å gjere det same, sa Hoffman, ifølgje CNN.

Yvette Hoffman sa at ho er så traumatisert etter skytinga at ho ikkje klarer å jobbe.

– Eg kjempa mot han, æra dommar, med alt eg hadde. Og til slutt fekk eg han ut av heimen vår. Eg vil aldri gløyme å sjå ned og sjå mitt eige blod renne sakte nedover den kvite vaskemaskina medan eg kjende at eg sokk mot golvet, sa ho.

– Vi har alltid ein fluktplan no. Dette er ikkje slik folk skal leve, la ho til.

(©NPK)