Luftfartstilsynet: Historisk få ulykker i norsk luftfart i 2025

av | 28. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Luftfartstilsynet registrerte berre ti luftfartsulykker i Noreg i fjor. To av ulykkene skjedde med norskregistrerte fly.

– I 2025 var talet på ulykker i norsk luftfart historisk lågt. Totalt fekk Luftfartstilsynet rapport om ti ulykker: to med privat motorfly, fem med dronar, to med mikrofly og éi med eit dansk fly brukt til fallskjermhopping, skriv Luftfartstilsynet på sine nettsider.

Sett bort frå mikrofly og dronar, vart det registrert to ulykker med norskregistrerte fly.

Den eine av privatflyulykkene hadde fatale følgjer. Det var ulykka der eit akrofly styrta i Vinddalsvatnet i Bjørnafjorden i Vestland, der instruktør Ivar Harald Henriksen (74) og eleven Tore Iversrud Marthinsen (61) omkom. Begge var frå før erfarne flygarar, men Marthinsen skulle utvide sertifikatet til akrobatflyging.

Det var ingen ulykker innan kommersiell luftfart. Det har ikkje vore nokon ulykker i offshoretrafikken med helikopter sidan 2016, medan det ikkje har vore nokon ulykker med helikopter innanlands på tre år. Også ruteflyging og anna kommersiell flyging med fly hadde eit ulykkesfritt år.

(©NPK)