Nye streikar kan ramma flytrafikken i august

av | 24. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB–NPK): Fleire tusen tilsette i luftfarten kan framleis enda i streik. Fire nye meklingar ventar i august.

– Ein eventuell streik vil jo kunne ramma alle – sånn er det med ein streik – men målet vårt er å finna ei løysing i meklinga, seier leiar Robert Gjønnes i Norsk Flygelederforening.

Dei møter arbeidsgivarforeininga Spekter til mekling hos Riksmeklaren 19. og 20. august.

Blir dei ikkje einige, kan opp til 536 flygeleiarar bli tekne ut i streik. Det kan ramma flytrafikken hardt.

Det første streikeuttaket kjem først fire dagar før meklinga, så det endelege omfanget er vanskeleg å vita på førehand.

– Me vil ikkje gå konkret inn på krava våre, anna enn å seia at det er knytt mellom anna til pausar, rammer for instruktørverksemd og livsfasepolitikk for flygeleiarar. For å nemna noko overordna, seier Gjønnes.

Spekter opplyser at dei har vorte einige med dei andre fagforeiningane i Avinor i lønnsoppgjeret i år, men at det er Norsk Flygelederforening som står att.

– Me håpar at me med hjelpa til Riksmeklaren skal få til løysingar, skriv organisasjons- og stabssjef Ingvild Dahl Dørnes i Spekter i ein e-post til NTB.

1800 kan streika

To andre lønnsoppgjer som kan ramma flytrafikken, skal også inn til mekling hos Riksmeklaren i august:

11. og 12. august skal det meklast om Flyavtalen og Luftfartsoverenskomsten.

Til saman dekkjer avtalane 1800 tilsette som kan gå ut i streik, dersom det ikkje blir einigheit. Det første streikeuttaket kjem også der i forkant av meklinga.

Luftfartsoverenskomsten blir forhandla mellom Handel og Kontor og NHO Luftfart, og Handel og Kontor har varsla plassoppseiing for 1286 tilsette.

Hovudtyngda av medlemmene jobbar med bakketenester for fly.

– Medlemmene våre er ofte dei tilsette passasjerane møter gjennom heile reisa: ved innsjekking, ombordstigning, ved ombooking, ved driftsforstyrringar og når bagasje blir forseinka eller borte. Dei står i frontlinja når flytrafikken ikkje går som planlagt, skriv kommunikasjonssjef Inger Helene Vaaten i Handel og Kontor i ein e-post til NTB.

I meklinga er lønn eit sentralt tema, opplyser ho.

– Ein eventuell streik vil påverka beteninga av fly på dei flyplassane som blir tekne ut i konflikt. Samtidig vil eit streikeuttak, som alltid, ta omsyn til liv, helse og andre viktige samfunnsmessige interesser, seier ho.

– Klart mål om å semjast

Flyavtalen blir forhandla parallelt mellom Parat og NHO Luftfart, og Parat har varsla plassoppseiing for 578 medlemmer.

– Flyavtalen er funksjonærane i flyselskapa, både på bakken på flyplassen (billettar, gate, etc.) og administrasjonen på hovudkontoret. Viss alle blir tekne ut i streik, så blir det vanskeleg å driva flyselskap, men selskapa må sjølve uttala seg konkret om konsekvensane, skriv kommunikasjonsleiar Trygve Bergsland i Parat i ein e-post.

Då det vart brot i forhandlingane, opplyste Parat at dei hadde mål om auka kjøpekraft og føreseielegheit i arbeidskvardagen for medlemmene, men at dei ikkje vart einige om ein totalitet som dekte krava.

NHO luftfart er førebels knappe i utsegnene om dei kommande meklingane.

– Me går inn i meklingane med eit klart mål om å semjast. Og heldigvis endar dei aller fleste meklingane med einigheit, skriv administrerande direktør Erik Lahnstein i NHO Luftfart i ei tekstmelding til NTB.

Offshoretrafikken kan rammast

Elles skal det 21. august meklast om «overeinskomst for trafikkpersonell, funksjonærar og redningsmenn» – ein streik som kan få konsekvensar for transport og drift på norsk sokkel.

Der har Styrke sendt plassoppseiing for 81 medlemmer og møter NHO Luftfart.

– Medlemmene våre på den overeinskomsten jobbar i tilknyting til helikopterbransjen offshore. Det er folk som jobbar på operasjonssentral, funksjonærar og redningsmenn som jobbar på søk- og redningshelikopter i selskapa CHC Helikopter Service, Helione og Bristow, opplyser Atle Espen Helgesen i Styrke til NTB.

(©NPK)