Kronprins Haakon har fødselsdag

av | 20. juli 2026 | 0 kommentarer

(NPK–NTB): Kronprins Haakon blir 53 år i dag. Han legg bak seg nok eit krevjande år – men også med fleire lyspunkt.

Noko av det siste kronprinsen gjorde som 52-åring, var å leia an på tromme då 100 000 fotballfans rodde på Slottsplassen for å hylla landslaget etter VM-innsatsen førre veke.

No står ei rolegare bursdagsfeiring for tur:

– Fødselsdagen til kronprinsen blir feira privat, opplyser kommunikasjonsdirektør Guri Varpe på Slottet til NTB.

Kronprinsen sat også på tribunen i Miami – saman med Fifa-president Gianni Infantino – då Noreg rauk ut mot England i kvartfinalen.

I garderoben etter kampen inviterte han landslaget til Slottet – og med etterfølgjande folkefest.

Belastande saker

VM såg ut til å gi eit fint energiløft til kronprinsen, som har hatt mykje å stri med det siste året.

I juni vart kronprinsesse Mette-Marits son, Marius Borg Høiby, dømd til fengsel i fire år for to valdtekter, mishandling, vald og fleire andre lovbrot. Han vart frikjend for to valdtekter.

Høiby har anka delar av dommen og meiner han er uskuldig i alle dei alvorlegaste forholda.

Kronprinsen eller kongehuset har førebels ikkje kommentert dommen.

I januar kom også nye dokument i Epstein-saka, som avslørte at kronprinsesse Mette-Marit hadde mykje meir kontakt med seksualforbrytaren enn tidlegare kjent.

Kronprinsparet har sagt at dei ikkje visste om Epsteins grove seksualbrotsverk.

– Eg fekk jo vita om dei grove brotsverka samtidig som dei fleste andre i 2019, kanskje årsskiftet 2018/2019. Så det var då eg vart meir klar over breidda i dette, sa kronprins Haakon til pressa i mai.

Lungetransplantasjon

Kronprinsen vart fødd på Rikshospitalet i Oslo 20. juli 1973. For nøyaktig 53 år sidan.

På same sjukehus fekk kona, kronprinsesse Mette-Marit, ny lunge i juni i år.

Etter eit år der helsetilstanden hennar vart kraftig forverra, ligg det no til rette for at ho kan bli betre.

– Me er alle veldig glade for at den første fasen har gått så bra som han har gjort, sa kronprins Haakon då kronprinsessa vart skriven ut frå Rikshospitalet førre veke.

Reiste åleine

I løpet av året har kronprinsen hatt eit tett program. Sidan kona har vore sjuk, har han vore nøydd til å gjera fleire reiser åleine.

Nokre av høgdepunkta er turen til USA i fjor haust og til Japan i sommar.

I Japan var kronprinsen mellom anna på besøk hos keisarfamilien, han fremja norsk sjømat – og besøkte ein av Tokyos eldste og minste barar.

I USA møtte han norskamerikanarar, vart æresdoktor på eit college og markerte 200-årsjubileet for den norske masseutvandringa til USA.

I september i fjor var han også på ein spektakulær, og tolv timar lang, vandring på Jostedalsbreen.

– Det er veldig fascinerande å gå på bre og ei fantastisk naturoppleving. Og ganske dramatisk natur, sa kronprinsen etter turen.

På tur med barna

I løpet av året har kronprinsen også vore på fleire oppdrag saman med barna.

Mellom anna var han og prinsesse Ingrid Alexandra på brislingtokt saman i Oslofjorden i desember, og i april var han på tokt og rodde vikingskipet Myklebustskipet i Nordfjordeid saman med prins Sverre Magnus.

I forkant av lungetransplantasjonen til kronprinsessa samla familien seg i Oslo, og prinsesse Ingrid Alexandra har no inntil vidare flytta studiane heim frå Australia til Noreg.

(©NPK)