Jordskred på grensa mellom Tibet og Nepal – Xi melder om stort redningsoppdrag

av | 26. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Eit jordskred har ramma Gyirong-regionen i Tibet på grensa mot Nepal, og fleire skal vere sakna. Minst åtte er døde i Nepal.

Det er mange døde eller skadde menneske i Tibet, melder det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.

Vegar er sperra, straumen er gått, og kommunikasjonslinjer er brotne, ifølgje Xinhua.

Skredet hende rundt klokka 10.30 lokal tid i grenseområdet mellom landa i Himalaya. Jordskredet vart utløyst på nepalsk side og førte til store skadar og mange sakna ved knutepunktet Gyirong Port i Tibet, melder den statlege kringkastaren CCTV.

Kinas president Xi Jinping ber om at alle ressursar blir sette inn i redningsarbeidet, og visestatsminister Zhang Guoqing er på veg til staden.

Minst åtte personar er omkomne i nabolandet Nepal, ifølgje ein talsperson for politiet.

(©NPK)