– Her i dag ønskjer eg å ta musikken attende, slik han var meint å vere, sa Bøksle under minnemarkeringa i regjeringskvartalet – før ho song ein av songane som terroristen misbrukte i 2011.
«Ere the World Crumbles» er komponert av Knut Avenstroup Haugen og vart sleppt med spelet «Age of Conan: Hyborian Adventures» i 2008.
– For 15 år sidan så vart denne musikken knytt til ein av dei mørkaste dagane i historia til vårt land, sa Bøksle.
Ho tileigna songen under minnemarkeringa onsdag «alle som miste nokon, alle dei som overlevde, og alle dei som framleis ber 22. juli med seg kvar einaste dag».
– For meg handlar det ikkje om å gløyme. Ikkje om å leggje noko bak seg. Men om den stille styrken som gjer at vi, steg for steg, kan reise oss att, med alt som vi ber med oss. Med kjærleik til dei vi saknar. Med minna, med håpet om at lyset alltid skal vere sterkare enn mørket, avsluttar Helene Bøksle.
Ho har tidlegare fortalt om sjokket det var å oppdage at terroristen brukte stemma hennar i propagandavideoar. Han nemnde henne fleire gonger i manifestet sitt, der det heitte at han fann musikken på gammalnorsk svært motiverande og kraftfull, skreiv NTB då.
Det gjorde at Bøksle slutta å synge med heile seg og vende seg mot julemusikk. Ho våga ikkje å framføre «Age of Conan»-musikken offentleg før tidlegare i år: Då spelte ho inn musikken på nytt med Stavanger symfoniorkester.
– For meg er denne utgivinga djupt personleg. Det handlar om å stå inne i ein draum att. Om å oppdage at noko i deg framleis lever, sjølv etter mange år med stille. Det handlar om å våge å ta attende si eiga stemme, skreiv ho i sosiale media sine i mai.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #101931](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/Jx2Y4sqSxFg.jpg)



0 kommentarer