Fleire døde reinsdyr på Svalbard: – Svært uvanleg

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Det har vorte funne tretten døde reinsdyr på Svalbard den siste tida. Funnet blir omtalt som høgst uvanleg, og Sysselmeisteren ber publikum om hjelp.

Funnet vart gjort i Adventdalen og Reindalen på Spitsbergen under årets bestandsteljing, skriv Sysselmeisteren.

– Det er svært uvanleg at reproduktive simler og vaksne bukkar døyr om sommaren, og det er derfor ei utvikling vi ønskjer å følgje nøye med på, skriv Sysselmeisteren.

Tre reinsdyr vart obduserte av veterinærar i juli, men dødsårsaka er førebels ikkje kjend.

– Dersom du under jakta ser eit reinsdyr som nyleg har døydd, ønskjer vi at du melder frå til oss med dato, GPS-koordinatar, bilete/film og type dyr. Vi vil då fortløpande vurdere, saman med veterinærstyresmaktene, om dyret skal undersøkjast nærare, skriv Sysselmeisteren.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar