Fire palestinarar og éin israelar er drepne i skyting på Vestbreidda

av | 24. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB–NPK): Fire palestinarar vart fredag skotne og drepne nord på den okkuperte Vestbreidda, ifølgje palestinske helsestyresmakter. Israels nødetatar melder om éin drepen israelar.

I tillegg vart tre palestinarar kritisk såra, ifølgje det palestinske helsedepartementet.

Skytinga skjedde i byen Tell.

Det israelske militæret (IDF) seier skytinga var eit svar på eit angrep mot israelske sivile som var på tur i området. IDF seier at ein palestinar stal eit våpen frå ein lokal tryggingsperson og opna eld mot israelarane.

Israelske nødetatar melder om at ein 30 år gammal israelsk mann vart drepen.

(©NPK)