Fans i tusental tok farvel med Bonnie Tyler

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Over 1000 menneske samla seg utanfor kyrkja då den walisiske balladedronninga Bonnie Tyler vart gravlagd i Swansea.

Kyrkja var fylt til siste sete av familie og vener av Tyler, som døydde i juli, 75 år gammal, på eit sjukehus i Portugal, der ho hadde vore innlagd i lengre tid.

Seremonien i det sørlege Wales vart direktesendt, og utanfor kyrkja følgde meir enn 1000 menneske overføringa.

Tyler var kjend for den karakteristiske, håse vokalen sin og ikoniske kraftballadar som «Total Eclipse of the Heart» og «Holding Out for a Hero».

Kista, pryda med kvite roser og liljer, vart boren inn i kyrkja til tonane av «It’s a Heartache» og ein annan av Tylers hitlåtar, «If I Sing You A Love Song».

(©NPK)