Eksplosjon på flystripa ved Jarlsberg flyplass i Tønsberg

av | 30. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Politiet måtte rykkje ut etter ein eksplosjon på flystripa ved Jarlsberg flyplass i Tønsberg.

Politiet var framme på staden klokka 1.58 natt til torsdag, etter at fleire naboar varsla om eksplosjonen. Ingen personar vart skadde.

Vitne har forklart til politiet at dei såg tre bilar køyre frå staden.

– Det verkar no som at det er nokon som har vore utpå der og gjort nokon greier med ei kanne som har eksplodert. Så får vi sjå kvar etterforskinga leier vidare, seier operasjonsleiar Eskil Hagen Olsen til NTB.

Han fortel at det låg plastdelar utover flystripa, men at det førebels ikkje er sikkert nøyaktig kva som har skjedd.

Politiet avslutta på staden like etter klokka 3.

(©NPK)