– Besetninga er på 15 personar, og alle er gjort greie for, skriv politiet.
Skipet er 123 meter langt og er utanfor Storesand ved Skjærhalden.
Hovudredningssentralen Sør-Noreg opplyser at hendinga vart meldt klokka 15.04.
– Vi har ressursar på veg. Det er ein uoversiktleg situasjon med brann, men det er kontroll på mannskapet, seier vakthavande redningsleiar Asbjørn Viste til NTB.
Skipet har ikkje bede om evakuering, opplyser han.
– Vi skal hjelpe til med det dei treng, legg Viste til.
Skal frakte svovelsyre
Klokka 16.18 melder politiet at kapteinen om bord melder at dei har kontroll på brannen.
– Men dette er ikkje stadfesta av brannvesenet. Skipet skal etter seiande frakte svovelsyre. Det er ikkje meldt om noko utslepp per no, skriv operasjonsleiar Ronny Hellerud Samuelsen i Aust politidistrikt i politiloggen.
– Mannskap om bord skumlegg området der brannen går føre seg. Livbåtar er gjorde klare, men per no blir ikkje mannskapet evakuert, skriv han vidare.
Avviser melding om grunnstøyting
Det er tankskipet Bergstraum der det har vore ein eksplosjon. Det stadfestar dagleg leiar Siri-Anne Mjåtvedt i reiarlaget Utkilen, som eig tankskipet, til NTB.
Politiet melde først at skipet hadde gått på grunn, men Mjåtvedt seier til NRK at dette ikkje stemmer.
– Skipet har ikkje gått på grunn, seier ho.
Ho vil ikkje kommentere saka vidare til NRK og NTB på noverande tidspunkt og seier at reiarlaget jobbar med ei pressemelding.
Brannfolk på veg
Medievakt Tanja Krangnes i Redningsselskapet opplyser at dei har to redningsskøyter som er kalla ut til hendinga.
– Det er RS Ragnar Stoud Platou, som held til i Hvaler. Og så er det RS Stormbull frå Stavern, som skal ha med seg brannfolk ut, seier ho.
Ein brannbåt frå Fredrikstad er også på veg til staden. Hvaler brannvesen er på plass.
– Første melding handla om ein eksplosjon frå skipet som visstnok fraktar svovelsyre. Vi veit enno ikkje kor kraftig eksplosjonen har vore. Men alle 15 om bord skal vere uskadde og i fin form. Og dei seier dei har kontroll, seier fungerande brannmeister Ole Danielsen i Fredrikstad og Hvaler brannvesen til Fredriksstad Blad.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #103602](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/b5khNorTwg.jpg)


0 kommentarer