– Vi må i det minste ha ein debatt og få ei god utgreiing raskt. Inntil det er gjort, kunne ein vurdert å stanse salet dersom ein har heimel til det, seier direktør Line Coll i Datatilsynet til Juristen.
Dei skriv at regelverket i dag også gjeld for smartbriller, og at lova om digitale tenester vil gi teknologiselskapa større ansvar når ho blir innført neste år. Direktøren i Datatilsynet meiner det ikkje held.
– Eg synest det er litt passivt og reaktivt å seie at dagens reglar gjeld. Det er rett, men vi kan også forby ting dersom vi ser at dagens regelverk ikkje er tilstrekkeleg. Vi gjer mykje i samfunnet for å avgrense skadeverknader. Den diskusjonen har vi ikkje teke her, seier ho.
Coll reagerer på at salet av KI-briller allereie er i gang, før regelverket som skal regulere bruken av mellom anna ansiktsgjenkjenning er innført.
Datatilsynet har ikkje greidd ut om Noreg har høve til å innføre eit forbod mot smartbriller innanfor EØS-regelverket.
Digitaliseringsministeren har tidlegare uttalt at det er uaktuelt å greie ut eit forbod mot smartbriller.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104892](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/X6WpI0UgL5w.jpg)



0 kommentarer