Nye utepilsreglar blir testa ut i Oslo

av | 31. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Laurdag startar pilotprosjektet «Oslometeren» i delar av hovudstaden. Det har som mål å skape eit meir levande bybilete.

«Oslometeren» inneber at serveringsstader med serverings- og skjenkeløyve kan setje ut bord og stolar opptil éin meter utanfor eigen fasade utan å måtte søkje om løyve eller betale leige.

Regelendringa er planlagd innført frå 2027, men blir testa ut i eit avgrensa område i bydel St. Hanshaugen frå 1. august til 31. oktober i år.

Byrådsleiar Eirik Lae Solberg er truleg blant dei som skal ta seg ein utepils på St. Hanshaugen denne seinsommaren.

– Altfor lenge har svaret til folk som ønskjer å skape litt meir liv utanfor sin eigen serveringsstad, vore eit skjema, eit gebyr og ei ventetid. Det er for tungvint. Eg meiner ein by blir levande når folk får rom til å skape noko sjølv, skriv han på Facebook.

Serveringsstader må framleis søkje om løyve om dei ønskjer å utvide serveringa til meir enn éin meter utanfor eigen fasade.

(©NPK)