Botanisk hage delvis stengd etter plantetjuveri

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Fredag morgon vart tilsette møtte av hol etter stolne plantar. No blir veksthusa stengde i Botanisk hage i Oslo på ubestemt tid.

– Dette er det tredje tilfellet av tjuveri på eit par veker, seier professor Anneleen Kool til Uniforum. Ho er seksjonsleiar for Botanisk hage, som er ein del av Naturhistorisk museum.

Det er ein sjeldan sukkulent, Pachypodium succulentum, som no er stolen frå Ørkenrommet i Palmehuset.

Kool lurer på om det er same tjuv som har vore på ferde i Botanisk hage tidlegare. Det er nemleg ikkje lov til å drive handel med desse plantane, men det finst ein svart marknad, forklarer ho.

– Marknaden finst overalt i verda, på nettet og i kriminelle nettverk – akkurat som handelen med sjeldne dyr, seier ho.

– Desse plantane er verd ein del pengar, men så finst også nokre samlemiljø, som samlar for å samle, opplyser ho til NRK.

Veksthusa er framleis opne for undervisning og omvisingar, men det er førebels ikkje avklart kor lenge dei vil vere stengde for publikum.

– For folk flest er det veldig kjipt, men vi kan ikkje risikere at vi mistar fleire plantar på denne måten, seier ho.

Botanisk hage har over 4500 planteartar frå heile verda, og mange er utryddingstrua.

(©NPK)