Svensk politi krev at Tiktok og Meta fjernar kriminelle rekrutteringsannonsar

av | 21. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Svensk politi har sidan midten av juli kravd at teknologigigantane fjernar 30 innlegg som tilbyr betaling for kriminelle tenester.

– Sidan 15. juli har vi hatt lovgiving som gir oss høve til å påleggje plattformer å fjerne rekrutteringsinnhald på nett innan éin time, seier ei talskvinne for det svenske politiet.

Av dei 30 innlegga er 29 sende til Tiktok og eitt til Meta. Begge plattformene har oppfylt krava, men politiet oppmodar selskapa til å styrkje overvakinga og modereringa av innhald.

Annonsane er lagde ut i sosiale medium av svenske gjengar for å rekruttere tenåringar til kriminelle handlingar. Annonsane blir lagde ope ut på Tiktok, Instagram eller Snapchat, før samtalen blir flytta til krypterte meldingstenester.

– Beløpa som blir tilbydde kan variere frå 10.000 svenske kroner til fleire millionar, avhengig av kva for ei kriminell handling som skal gjennomførast, seier talskvinna frå politiet.

– Dette er falske løfte som blir brukte til å lokke unge inn i kriminalitet, legg ho til.

(©NPK)