Tiktok fjerna falske profilar etter at kong Harald døydde

av | 2. september 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): I løpet av eit døgn fjerna Tiktok over 200 kontoar som gav seg ut for å vere kongehuset, kong Harald eller andre medlemmer av kongefamilien.

Det skriv Vårt Land.

Plattforma valde å ta grep då fleire kontoar byrja å gi seg ut for å vere kongehuset eller medlemmer av kongehuset etter at kong Harald døydde fredag 28. august.

Fleire gav seg ut for å vere den avdøde kongen. Kva som er formålet med profilane, er uklart.

Det skal også ha dukka opp falske profilar av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– I samband med bortgangen til kongen ønskjer vi at brukarane våre skal ha tilgang til så korrekt og oppdatert informasjon som mogleg, så vi sette ganske raskt i verk ein «search intervention» som peikar brukarane våre til pålitelege kjelder som informasjon når dei søkjer på emne knytte til kongefamilien, seier styresmaktskontakt Kjartan Sverdrup i Tiktok til Vårt Land.

Brukarar får opp ei oppmoding til å sjekke pålitelege kjelder for oppdatert informasjon dersom dei søkjer på noko relatert til kongehuset. I oppmodinga finst ei lenke til NRK.

– Det er bra at norske redaktørstyrte medium blir løfta fram som pålitelege kjelder, seier Merethe Sveen-Åsegård, strategisk rådgivar for sosiale medium i NRK.

(©NPK)