(NTB-NPK): Eit barn er stadfesta omkomme etter å ha vorte påkøyrt i Ås i Akershus måndag ettermiddag, melder politiet.
– Foreldra er varsla og vil bli varetekne av kommunalt kriseteam, opplyser operasjonsleiar Atle Vesttorp i Aust politidistrikt i politiloggen.
Politiet jobbar på staden med å avhøyre vitne og sjåføren av bilen. Dei melde først om trafikkulykka klokka 16.03.
Det vart gjennomført hjarte- og lungeredning på barnet, men livet stod ikkje til å redde.
Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden, og dessutan kriminalteknikarar frå politiet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105604](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/vlTLyIi23MQ.jpg)



0 kommentarer