– No i ettermiddag har det vore kontakt med motpart og riksmeklaren, og vi er samde om å møtast hos Riksmeklaren førstkommande torsdag, sa forhandlingsleiar Dag-Einar Sivertsen i Fellesforbundet under ein pressekonferanse måndag.
I uravstemminga som vart avslutta 30. juli, stemde eit stort fleirtal i Fellesforbundet nei til den framforhandla tariffavtalen for kabintilsette i SAS.
500 kabintilsette kan streike
Også Parats medlemmer har stemt nei.
Forbundet har bede om umiddelbare samtalar med SAS og NHO Luftfart for å unngå streik.
Det er varsla flystreik blant om lag 500 kabintilsette i SAS frå laurdag 8. august klokka 4.
Ingen kansellerte flygingar endå
Førebels har ikkje flyselskapet kansellert eller endra nokre avgangar, melder Nettavisa.
– Det er altfor tidleg å forskotere noko rundt ein mogleg konflikt, seier kommunikasjonssjef Øystein Schmidt i SAS i ei melding til avisa.
SAS vil no prøve å finne ei løysing før streiken trer i kraft.
– Fokuset vårt no er vidare dialog slik at vi kan komme fram til ei god løysing for begge partar, seier Schmidt.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105610](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/YnPw3oQd9Ow.jpg)


0 kommentarer