– Kombinasjonen av rekordtørke, eksepsjonell varme og mykje sol har resultert i ein av dei mest oppsiktsvekkjande sommarmånadene nokon gong i registreringane våre, seier fagleg direktør i Met Office, Amy Doherty, måndag.
For Sør-England er det målt den tørraste månaden nokon gong. Målingane går heilt tilbake til 1836.
Varmen herjar enno i store delar av Storbritannia, og meir enn halvparten av England og heile Wales er offisielt ramma av tørke.
Den stabile sommaren gav også meir sol enn normalt over store delar av Storbritannia – og sette ny rekord for solkraft, melder bransjeorganisasjonen Solar Energy UK ifølgje Sky News.
Store område med gult og uttørka gras pregar bileta frå England, og det blir også meldt om konsekvensar for landbruket. Fleire bønder har starta haustinga tidleg for å tilpasse seg situasjonen, og mange avlingar er påverka, skriv BBC.
Klimaforskarar ventar at britiske vintrar blir våtare, medan somrane blir varmare og tørrare i takt med at klimaet endrar seg.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105595](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/JxkrM1ETKns.jpg)



0 kommentarer