(NTB-NPK): Arbeidstilsynet har avdekt alvorlege tryggingsmanglar på eit kommunalt butilbod etter dobbeltdrapet på Karmøy i mars. No har kommunen fått fem pålegg.
Etter at Johnny Myklebust (60) og ei kvinne i 50-åra vart funne drepne i Pilehagen bukollektiv på Karmøy, har Arbeidstilsynet gjennomført tilsyn ved det kommunale butilbodet, skriv VG.
Saka vart først omtalt av Haugesunds Avis.
Tilsynet gir no kommunen fem pålegg. Det dreier seg mellom anna om fare knytt til alarmsystemet, risikovurdering og opplæring.
Eit pålegg er ein formell ordre frå ei styresmakt om å rette opp i spesifikke manglar eller problem.
– Vi vurderer dette som alvorleg. Dei tilsette arbeider i ei teneste der risikoen for vald og truslar er kjend og høg, seier seksjonsleiar Guro Fykse i Arbeidstilsynet.
Kommunedirektør Vibeke Vikse Johnsen meiner Arbeidstilsynet gir ei viktig tilbakemelding på område som kommunen må jobbe vidare med for å sikre eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette.
Johnsen fortel at dei etter tilsynet har innført systematisk testing av alarmar og kjøpt inn fleire mobilar med tilhøyrande klokker. Dette er gjennomført i dialog og samarbeid med tilsette.
Karmøy kommune har frist til 30. oktober med å rette opp i dei påpeika forholda.
(©NPK)



0 kommentarer