(NPK-NTB): Fleire aktørar har kjempa om å få kjøpa det 150-årsgamle forlaget Aschehoug.
No er det stadfesta at Amediastiftinga kjøper forlaget. Dei kjøper også den ærverdige villaen i Drammensveien 99.
Amediakonsernet er eigar av mediekonsernet Amedia, som er Noregs største avisutgivar.
Det var i oktober i fjor at Aschehoug gjorde det kjent at dei såg etter nye eigarar.
Då heitte det at Aschehoug «treng sterke, engasjerte og dedikerte eigarar som kan utvikla verksemda i eit langsiktig perspektiv».
Aschehougs styreleiar Thor Gjermund Eriksen har tidlegare uttala at salet ikkje vil påverka sjølve forlagsverksemda.
Aschehoug er eit av dei største forlaga i landet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #116141 D4gqkwodecq](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/D4GQKwOdeCQ.jpg)



0 kommentarer