Det viser ein studie som er publisert i tidsskriftet The Lancet.
– Eksponering for passiv røyking blir verda rundt rekna som ein helserisiko, utan nokon trygge nivå for innanding, står det i studien.
I studien heiter det at mange «ikkje-røykarar utsette for passiv røyking» var blant dei rundt 8 millionar som døydde av røyke-relaterte sjukdommar.
Av dei om lag 2,7 milliardar personane som blei utsette for passiv røyking i 2023, var 767 millionar barn i alderen 0 til 14 år, ifølgje studien.
Eksponeringa har truleg ført til 1,66 millionar for tidlege dødsfall , i tillegg til for tidleg uførleik og sjukdom, med iskemisk hjartesjukdom, der hjartemuskelen får tilført for lite oksygen, som mest omfattande.
Hos barn førte passiv røyking i 2023 til 5,2 millionar luftvegsinfeksjonar.
Folk som er i nærleiken av nokon som tenner ein sigarett, blir eksponert både for røyk frå sigaretten, og røyk som røykaren utandar. Den direkte røyken frå sigaretten dominerer, er ufiltrert og har høgare konsentrasjon av giftige og kreftframkallande stoff enn røyk som røykaren sjølv inhalerer, står det i studien.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #117804 Y7b8retalw8](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/09/y7B8RetALW8.jpg)



0 kommentarer